Ruud enkelt til semifinale - møter verdseinaren
Casper Ruud vann 6–4 i det første settet i ATP-sluttspelets siste gruppespelkamp mot Andrej Rubljov.
Dermed var Ruud vidare til semifinale uavhengig av korleis resten av kampen ville utspele seg.
Semifinalen går mot Jannik Sinner laurdag kveld.
Casper Ruud opna ATP-sluttspelet med siger mot spanske Carlos Alcaraz, før det vart tapt mot tyske Alexander Zverev i kamp nummer to.
Sidan Ruud vann det første settet kunne verken Rubljov eller Alcaraz ta igjen nordmannen i kampen om andreplassen i gruppa.
I den andre semifinalen skal Zverev opp mot amerikanske Taylor Fritz.
Casper Ruud tapte det andre settet mot Andrej Rubljov 5-7 fredag kveld, før han slo tilbake og vann det tredje 6-2.
Det hadde altså ingenting å seie for kven som avanserte til semfinalen.