Nytt funn i Nordsjøen
0
Equinor har funne olje og gass ved Fram-feltet i Nordsjøen.
Funnet er estimert til å vere på mellom 13 og 28 millionar fat oljeekvivalentar.
Det opplyser selskapet om i dag.
Fat oljeekvivalent er ei måleining for energi, og blir definert som mengda energi som blir frigjort ved forbrenning av eitt fat råolje.
– Dette er eit spennande funn i eit av kjerneområda våre som har godt utbygget infrastruktur både for olje og gass. Vi leitar aktivt i dette området og har gjort fleire funne her dei siste åra, seier Geir Sørtveit, Equinors områdedirektør for Utforsking og produksjon Vest.
Dette er første funn i område i 2024. I same område blei det gjort 12 funn frå 2018 til 2023.
Feltet ligg rundt 2 mil nord for Troll C.