Universitetet i Innlandet godkjend av Kongen i statsråd
0
Høgskolen i Innlandet blir universitet. Den nye institusjonen skal heite Universitetet i Innlandet (UINN), og blir det ellevte universitetet i Noreg. Universitetssøknaden blei i dag godkjend av Kongen i statsråd.
Det skriv regjeringa i ei pressemelding – På vegner av regjeringa gratulerer eg både Innlandet som region, alle tilsette og studentar ved det nye universitetet. Dette er verkeleg ein merkedag. Innlandet får eit universitet som sikrar utdanning og forsking av god kvalitet, som satsar på livslang læring og berekraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).