Personsøkjar-saka: – Ikkje lenger tilsett hjå oss
0
Arbeidsgjevaren til nordmannen som er mistenkt for å vere delaktig i personsøkjarane som eksploderte i Libanon tidlegare i år, stadfestar til NRK at han ikkje lenger tilsett hjå dei.
– Vi har blitt einige med mannen om at han ikkje lenger er tilsett hjå oss.
Ifølgje arbeidsgjevaren har dialogen med mannen vore ryddig. Mannen har vore einig i at arbeidsforholdet skal opphøyre.
Ifølgje arbeidsgjevaren har dei ikkje ytterlegare informasjon om saka.
– Vi veit ikkje kvar han er, korleis han stiller seg til mistankane mot han, eller korleis han har det.