Sendt til SUS etter vald i Stavanger sentrum
Klokka 01:05 i natt rykte politi og ambulanse til Fiskepiren etter ei melding om slagsmål.
Ifølgje politiet hadde ein person eit kutt i hovudet etter å ha blitt utsett for vald. Den mistenkte hadde dratt frå staden og så langt er ingen pågripe.
Personen som vart utsett for vald var bevisstlaus på staden og vart sendt til Stavanger universitetssjukehus for å bli undersøkt.
Personen er ein mann i tidleg 20-åra. Han var vaken då han vart køyrt til sjukehuset.
Politiet har oppretta sak og vitne vart avhøyrt på staden.
Tidlegare natt til laurdag fekk politiet melding om slagsmål ved ein utestad i Stavanger sentrum.
Ein person var skada og fekk tilsyn av ambulanse.
Politiet fekk kontroll på den mistenkte, og ein person vart vist vekk frå sentrum i tolv timar.