ru24.pro
NRK.no
Октябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29
30
31

USA ber Israel om ikkje å forby UNRWA

0
NRK.no 

USA har gjort det klart for Israel at dei er djupt bekymra over eit israelsk lovforslag som kan forby FN sin hjelpeorganisasjon for palesinske flyktningar, sa talsperson for det amerikanske utanriksdepartementet, Matthew Miller ifølgje Reuters.

Amerikanske styresmakter seier at UNRWA spelar ei uerstatteleg rolle i å levere humanitær hjelp i området.

– Humanitær hjelp når ikkje fram til folk i Jabalia i Nord-Gaza, der den israelske militæroperasjonen har auka i omfang. Washington har gjort det klart at dei ikkje vil akseptere denne situasjonen, sa Miller.

Fleire land som er allierte med Israel har åtvara mot lovforslaget.

Den israelske nasjonalforsamlinga, Knesset skal røyste over forslaga i dag.