ru24.pro
NRK.no
Октябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29
30
31

E24: Regjeringa føreslår klimamål som bryt Parisavtalen

0
NRK.no 

Regjeringa ber om innspel til kor ambisiøst klimamålet bør vere i den nye politikken.

Dei har lagt fram eit forslag om å redusere utsleppa i Noreg med mellom 55 og 80 prosent innan 2035, samanlikna med nivåa frå 1990. Tidlegare har Noreg forplikta seg til å kutte 55 prosent innan 2030.

Regjeringa skriv mellom anna at «Ambisjonsnivået i den nedste delen av spennet vil ikkje vere i tråd med føringar og krav i Parisavtalen og klimalova».

Dersom Noreg ikkje aukar målet, vil det bryte med Parisavtalen.

– Kva i all verda er det dei tenkjer på? spør Lars Haltbrekken, energipolitisk talsperson for SV, til E24.