ru24.pro
NRK.no
Октябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Sentralbanksjefen: – Rentedifferansen påverkar kronekursen

0
NRK.no 

– Vi har godt belegg for å seie at rentedifferansen er eitt av dei forholda som påverkar kronekursen. Men den blir påverka av ei rekke forhold både her heime og internasjonalt, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache til NRK.

Torsdag kutta Den europeiske sentralbanken (ESB) styringsrenta med nye 0,25 prosentpoeng, og styringsrenta ligg no på 3,25 prosent.

Dette var det tredje kuttet hittil i år og rentedifferansen mellom eurosona og Noreg er no på 1,25 prosentpoeng.

Fleire økonomar har argumentert med at ein stadig større skilnad mellom norske og utanlandske renter, skulle tilseie at krona skulle styrke seg.

Men det er det motsette som skjer, og krona held fram å svekke seg. Kronekursen er framleis på eit historisk lågt nivå.

– Det at ESB no kuttar renta har vore forventa i marknaden, og difor påverkar ikkje den avgjerda i seg sjølv den rentedifferansen vi kan lese av marknadsforventningane, seier Wolden Bache.

– Mange land kuttar no renta, og varslar ytterlegare kutt. Kvifor skjer ikkje det i Noreg?

– Vi må setje renta ut frå forhold i norsk økonomi. Det er behov for å halde den på dette nivået ei stund til. Samstundes seier vi at tidspunktet for å setje den ned nærmar seg, seier Wolden Bache.