Fleire eksplosjonar og massiv røyk i Beirut
0
Nyheitsbyråa AFP og Reuters melder om høge eksplosjonar i Beirut, Libanons hovudstad.
Litt før klokka 17 melder det israelske forsvaret på Telegram at dei utfører åtak mot mål i Sør-Libanon.
Israel seier dei har retta åtaket mot Hizbollah sin kommandosentral i området Dahieh.
Daniel Hagari, talspersonen til IDF, seier hovudkvarteret ligg i eit tettbygd sivilt område.
NRKs korrespondent på staden, Yama Wolasmal, stadfestar at det har vore fleire store smell heilt sør i Beirut og at ein kan sjå ei kraftig røyksky i området.