FN: Israel bryt barnekonvensjonen i Gaza
0
Israel har gjort seg skuldige i grove brot på barnekonvensjonen i krigen på Gazastripa, konkluderer ein FN-komite, ifølge Reuters.
– Komiteen fordømmer på det sterkaste dei alvorlege brota på konvensjonen i dei okkuperte palestinske områda, inkludert det enorme tapet av menneskeliv som følge av statspartens militære aksjonar, skriv komiteen i eit dokument.
Israel har i fleire FN-høyringar denne månaden hevda at konvensjonen ikkje gjeld i Gaza eller på Vestbreidda, men at dei er forplikta til å respektere folkeretten.