ru24.pro
NRK.no
Сентябрь
2024

Georgia innskrenkar skeive sine rettar

0
NRK.no 

I Georgia har politikarane vedteke ei lov som kjem til å innskrenka skeive sine rettar kraftig.

Lova blei innført for å verna om barn og tradisjonelle familieverdiar, ifølgje politikarane.

Styresmaktene får no høve til å forby Pride-markeringar og bruk av regnbogeflaget, samt høve til å sensurera filmar og bøker.

Presidenten har sagt at ho vil leggja ned veto mot lova, men dei som er FOR har eit stort nok fleirtal til å overkøyra eit veto.