ru24.pro
NRK.no
Сентябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Ein person er pågripen etter antatt valdshending på Karmøy

0
NRK.no 

Ein person er pågripen etter det som bli antatt å vere ei alvorleg valdshending på Karmøy. Det stadfestar innsatsleiar Hans Kristian Dahl til NRK.

– Kvart på to i dag fekk politiet melding om ein bevisstlaus mann ute på Vea på Karmøy. Han er sendt til sjukehus med ukjent skadeomfang, seier innsatsleiar Hans Kristian Dahl.

Dahl fortel vidare at det er mogleg at det er eit slagsmål som er årsaka til at mannen er sendt til sjukehus.

– Det er pågripe ein person som er knytt til hendinga, men politiet kan ikkje kommentere noko utover det av omsyn til etterforskinga, held han fram.

Politiet har sikra ein antatt åstad, saman med andre stader rundt på Vea. Det er sett opp vakthald, og politiet skal undersøke om dette kan vere andre aktuelle åstadar.

Dei skal også bli gjort intervju med vitne på staden.