ru24.pro
NRK.no
Сентябрь
2024

Nord-Korea skaut opp missil

0
NRK.no 

Militæret i Sør-Korea seier at Nord-Korea har skote opp fleire ballistiske kortdistanserakettar natt til torsdag.

Missilet skal ha landa i havet utanfor Japan sin økonomiske sone. Ifylgje Reuters er det ikkje meld om skadar på skip eller personar.

Tidlegare denne veka sa Nord-Korea at landet ville auke sitt arsenal av atomvåpen i jamt tempo. Leiar Kim Jong-Un omtalte vidare landet som ei «ansvarleg» atommakt.

Nord-Korea skaut opp ein rakett sist 1. juli. Det lukka landet har dei siste dagane send fleire ballongar med boss over grensa mot nabolandet i sør.