ru24.pro
NRK.no
Август
2024

Tak blåste av hus i Bjørnafjorden – bebuarar evakuerte

0
NRK.no 

Deler av taket på ein firemannsbustad i Hagavik i Os har blåse av, flydd om lag 100 meter og treft ein husvegg.

Ingen er heime i huset og ingen er skadde.

Det melder politiet.

Det skal også vere skade på taket til eit idrettsbygg og eit anna bustadbygg, der taket skal ha letta og landa igjen.

– Bebuarane i bustadbygget er evakuerte til ein brannstasjon i nærleiken. Det er usikkert om det er trygt å opphalde seg der, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet.

Politiet har ikkje tal på kor mange som er evakuerte endå.

Rene Dyngedal er ein av naboane til dei som mista taket.

Ifølge han kom det mykje vind, regn, lyd og tore omtrent samstundes.

Han tok ungane og løp ned i kjellaren i tilfelle det skulle komme plankar og takplanter.

– Det begynte å regne som eg aldri har sett før. Det var masse bråk og eg såg nesten ikkje ut vindaugaDahl-Michelsen melder at det er rolege vindforhold på staden no, men då dette stod på var det veldig kraftig vind.

Ifølge han har det vore kraftig vind som har treft lokalt.

Det er også skader på bilar og enkelte takstein som har flydd av tak.

Det er også meldt om lynnedslag på staden og skade på bilar.