ru24.pro
NRK.no
Июль
2024

Bybanen spora av etter trafikkulukke på Slettebakken

0
NRK.no 

Klokka 12.55 blei det meldt om samanstøyt mellom bybanen og ein campingbil ved Slettebakken kirke i Bergen.

Ifølgje 110-sentralen har eitt togsett spora av, og brannvesenet jobbar med å få det på sporet att. Bubilen har materielle skadar og var først kilt mellom to togsett som kom frå kvar sin retning, opplyser 110-sentralen og politiet til NRK.

Ingen vart skadd, men det skal vere materielle skadar på bubilen.

– Det er mogleg at bybanen har truffe bakenden på bubilen, det var ein del skadar på den, men ingen skadar på dei to i bubilen eller passarsjerer i bybanen, seier operasjonsleiar Knut Dahl Michelsen i Vest politidistrikt.

Bubilen har stått på bubilparkeringa ved Slettebakken, og sjåføren er tysk, ifølgje politiet. Vedkomande skulle svinge ut frå området, og var ikkje merksam på bybanen.

Dei to i bubilen verkar uskadd, ifølgje politiet. Det er ukjent kor mange passasjerar det er på bybanen. Biltrafikken skal gå som normalt forbi staden.

Bybanens linje 1 er no innstilt mellom Wergeland og Nesttun terminal. Det er drift på strekningane Byparken-Wergeland og Nesttun terminal-Bergen lufthavn, med forseinkingar.

Skyss ber reisande til/frå Bergen lufthamn om å ta busslinje 600 mellom Bergen sentrum og Lagunen, og bybane linje 1 mellom Lagunen og Bergen lufthamn.

Politiet skal avhøyre vitne, sjåfør av bubil og bybaneføraren, får NRK opplyst. I tillegg ventar dei på bilbergar for å rydde opp på staden. Det er uvisst kor lang tid det vil ta.