Ni av ti stod på statsborgarprøva i fjor
0
Av 5973 som tok statsborgarprøve i fjor, fekk 5517 bestått. Dermed kunne dei søke om å få norsk statsborgarskap.
Ordninga m kunnskapsprøva, som ein føresetnad for statsborgarskap, har eksistert sidan 2017.
– Eg er glad for at dei aller fleste står på statsborgarskapsprøva. Kunnskap om landet ein kjem til er ein viktig føresetnad for god integrering, saman med språkopplæring og inkludering i arbeidslivet, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) i ei pressemelding.
Ifølge departementet er andelen som står på prøva, jamt over veldig høg i heile landet.
Døme på spørsmål i prøva er når Noreg fekk eiga grunnlov og kva det betyr at Noreg er eit sekulært samfunn.
(NTB)
