ru24.pro
World News in Norwegian
Март
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Canadas statsminister: Russland er den største tryggleikstrusselen i Arktis

0
NRK.no 

Canadas statsminister Mark Carney meiner Russland er den største sikkerheitstrusselen i Arktis.

– Den største sikkerheitstrusselen i Arktis er Russland, sa Carney i Oslo sundag i ein felles pressekonferanse med dei nordiske landa.

Han peika på at trusselen heng saman med den breiare sikkerheitssituasjonen i Europa, og ønsker meir merksemd om sikkerheiten i nord i Nato.

– Det er velkome at Nato no har meir fokus på arktisk tryggleik, sa han.

Danmarks statsminister Mette Frederiksen sa i opningstalen at Danmark har opplevd «heilt uakseptabelt press» frå USA om Grønland.

Ho takka nordiske land og Canada for støtta til prinsippa om suverenitet og sjølvbestemming.

På pressekonferansen fekk statsministrane også spørsmål om dei vil støtte Danmark dersom Grønland skulle bli trua av eit anna Nato-land.

Canadas Carney svarte ikkje direkte på om Canada vil bidra militært.

– Vi står fullt og heilt bak prinsippa om suverenitet og territoriell integritet. Det er opp til grønlendarane og Danmark å avgjere framtida si, sa Carney.

Også statsministrane i Noreg, Sverige og Finland understreka støtta til Danmark og Grønlands sjølvbestemming.