ru24.pro
World News in Norwegian
Март
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Problema med Skatteetaten sine nettsider er retta

0
NRK.no 

Onsdag fekk fleire personar opp ukjente personar i det dei logga inn på Skatteetaten sine nettsider.

Feilen skal no vere retta.

– Etter ei oppdatering i våre system i ettermiddag, oppstod ein kortvarig visingsfeil på Skatteetaten sine nettsider. Denne feilen er no retta.

Det seier pressesjef i Skatteetaten Christer Gilje i ei tekstmelding til NRK.

Feilen hos Skatteetaten førte til at nokon som logga seg inn «fekk opp ei liste over andre sine namn som dei tilsynelatande kunne sjå informasjon om».

– Våre undersøkingar tyder på at ingen kunne komme vidare for å sjå eller endre andre sine skatteforhold, som til dømes skattemeldinga, seier Gilje.

Skatteetaten beklagar for feilen. Det er ikkje kjent kor mange som var råka av feilen.