ru24.pro
World News in Norwegian
Март
2026
1 2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

EU ber om atterhald og fordømmer iranske angrep

0
NRK.no 

EU seier at dei følger utviklinga i Iran og Midtausten med stor uro og oppmodar alle partar om atterhald.

– Vi oppmodar om maksimal atterhald, vern av sivile og full respekt for folkeretten, inkludert prinsippa i FN-pakta og internasjonal humanitærrett.

Det seier EUs utanrikssjef Kaja Kallas i ei fråsegn sundag på vegner av medlemslanda, melder Reuters.

Unionen seier at atomtryggleik er ein kritisk prioritet i den pågåande situasjonen.

Samstundes kallar unionen at iranske angrep mot land i regionen for uakseptable, og seier at landet må avstå frå vilkårlege militære angrep.

Vidare uttrykker dei solidaritet med det iranske folket, og seier dei støttar ønske om ei framtid der rettar og fridomar blir fullt respekterte.