Mann i 40-åra tiltalt for grov valdtekt av barn under 14 år
0
Ein mann i 40-åra frå Sunnmøre er tiltalt for grov valdtekt av barn under 14 år.
Mannen er også tiltalt for å ha fått eit barn under 14 år til å utføre handlingar som svarar til seksuell omgang med seg sjølv. I tillegg er han tiltalt for å ha skaffa seg og oppbevart bilde som seksualiserer barn.
Det viser ein tiltale frå Statsadvokaten i Møre og Romsdal.
Mannen sin forvarar, Sjur Engelsen Lange, seier dei ikkje har ein kommentar til tiltalen.
