BT: Drapssikta mann blir isolert i fengsel
0
Politiet har fått medhald i si anke om fengslingsvilkåra for den drapssikta mannen i 30-åra, etter drapet i Arna 8. februar.
Det melder BT.
Den sikta mannen fekk først fire veker varetektsfengsling med brev- og besøkskontroll. Politiet anka fengslingsvilkåra i Hordaland tingrett torsdag førre veke.
I dag vant politiet sin anke fram i Gulating lagmannsrett.
Den drapssikta får no to veker isolasjon og medieforbod, i tillegg til brev- og besøksforbod heile perioden, skriv avisa.
