To drepne etter skyting ved eit amerikansk universitet
0
To personar er drepne og ein er skadd etter skyting i studentbustadar ved South Carolina State University i USA natt til fredag, skriv ABC News.
– Campus er framleis stengt, opplyser universitetet i ei pressemelding, skriv AFP.
Hendinga er under etterforsking. Det er foreløpig ikkje gitt noko informasjon om gjerningspersonen.
