ru24.pro
World News in Norwegian
Февраль
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

Mann busett i Noreg sikta for krigsbrotsverk

0
NRK.no 

Kripos opplyser i ei pressemelding at dei har utvida siktinga mot mannen i 50-åra som er skulda for å ha ei sentral rolle i ein pågåande væpna konflikt i Kamerun. Mannen som er busett i Noreg vart arrestert i september 2024 og vart sikta for å ha oppmoda til brotsverk mot menneskeslekta. Saka er unik i norsk samanheng, og har kravd mykje etterforsking rå Kripos si side.

No er siktinga utvida, og han er også sikta for krigsbrotsverk, noko som ifølge Kripos inneber drapsforsøk og å frårøve folk fridomen deira. Kripos opplyser samtidig om at det er behov for ytterlegare etterforsking i saka.

– Noreg har eit internasjonal ansvar for å sørge for at me ikkje er frihamn for personar som gjer krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta, seier Anette Berger i pressemeldinga frå Kripos.

Mannen har lenge nekta for at han har gjort noko straffbart, og han meiner Kripos har misforstått hans rolle i konflikten.