ru24.pro
World News in Norwegian
Февраль
2026
1 2 3 4 5 6 7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

Europarådet vurderer Jaglands immunitet

0
NRK.no 

Europarådet stadfestar til NRK at dei har fått ei oppmoding frå Noreg om å oppheve immuniteten til Thorbjørn Jagland, og at dei er i gang med å vurdere dette.

Økokrim har starta etterforsking av Jagland for grov korrupsjon i tida han var leiar av Nobelkomiteen og generalsekretær i Europarådet.

Det skjer etter at justisdepartementet i USA offentleggjorde nye dokument i etterforskinga av den no døde seksualforbrytaren og milliardæren Jeffrey Epstein.

Advokaten til Jagland, Anders Brosveet, seier dei er trygge på utfallet av etterforskinga, og at Jagland ikkje har gjort noko ulovleg.