Støre: Eg har aldri møtt Epstein
0
Offentleggjeringa av Epstein-dokumenta har avdekt at finansmannen hadde kontakt norske diplomatar og kongelege.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til NRK at han er glad for at dette no kjem fram.
– Det er ei kraftig åtvaring til dei som har høgtståande stillingar i samfunnet vårt.
Støre har tidlegare blant anna vore utanriksminister og arbeidd i WHO, men garanterer at han ikkje vil dukke opp i komande offentleggjering av Epstein-dokument.
– Eg har aldri møtt den mannen. Eg har berre lest om han, slik som andre.
