USA: Minneapolis-ordførar kallar det som skjer i byen «invasjon av vårt demokrati»
0
Ordføraren i Minneapolis, byen der Alex Pretti blei skoten og drepen førre helg, kjem no med ny, krass kritikk av føderale immigransjonsstyresmakter (ICE). Det melder nyheitsbyrået AFP.
Jacob Frey uttale torsdag at aksjonane som har ført til at to amerikanske statsborgarar er drepne i konfrontasjonar med føderale agentar, er ei «invasjon» av dei demokratiske prosessane i byen.
– Eg kjenner støtte frå heile landet, og vi ser at ein stor amerikansk by no opplever ei invasjon. Det er ei invasjon av demokratiet vårt, av republikken vår og av kvar einaste ein av oss, sa Frey under ein ordførarkonferanse i Washington.
