ru24.pro
World News in Norwegian
Январь
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30
31

Iran varslar skyteøving i Hormuzstredet

0
NRK.no 

Irans marine i Revolusjonsgarden (IRGC) skal halde skyteøvingar i Hormuzstredet 1. og 2. februar, melder statlege Press TV, ifølge Reuters.

Hormuzstredet er den viktigaste oljetransportruta i verda og knyter store oljeproduserande land i Persiabukta, som Saudi-Arabia, Iran, Irak og Dei sameinte arabiske emirata, til Omanbukta og Arabiahavet.

Samstundes har eit ekstra amerikansk hangarskip kome fram til Midtausten som del av ei styrkebygning i regionen, seier ein amerikansk tenesteperson til Reuters.