ru24.pro
World News in Norwegian
Январь
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25
26
27
28
29
30
31

Sander Silva og Victorjus trekker seg frå MGP

0
NRK.no 

Tidlegare sundag skreiv NRK at duoen hadde trekt seg.

No seier at «dei ikkje kan risikere å stå i ein konkurranse som fører direkte til Eurovision medan Israel er med.»

– Det er med tungt hjarte at vi trekker oss frå MGP-cupen. Vi meiner det er tragisk at Israel får delta i Eurovision samstundes som det har blitt gjort alvorlege krigsbrotsverk mot palestinarar i Gaza, skriv dei i eit innlegg på Instagram.

Prosjektleiar for Melodi Grand Prix, Mads Tørklep, bekreftar at artistane har trekt seg frå cupen som blei arrangert på radio.

– V vi tar det til etterretning. Det er synd for dei andre deltakarane at dei ikkje kom til denne konklusjonen før dei tok del i konkurransen. Sånn sett er det eit rart tidspunkt, seier Tørklep til NRK.

Han seier at avgjerda ikkje får konsekvensar for sjølve MGP-konkurransen.

– Det er derfor ikkje spesielt dramatisk. Raylee og Skrellex er to fantastiske artistar som skal konkurrere om den siste finaleplassen, seier han.