ru24.pro
World News in Norwegian
Январь
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25
26
27
28
29
30
31

USA: Meldingar om skyting i samband med ICE-hending

0
NRK.no 

Myndigheitene i Minneapolis seier dei er kjende med meldingar om ein ny skyteepisode som skal ha skjedd under ein føderal immigrasjonsoperasjon (ICE) i byen, melder nyheitsbyrået Reuters.

– Minnesota har fått nok. Dette er sjokkerande, skriv guvernøren Tim Walz.

Han krev at presidenten avsluttar operasjonen og tar ut «dei tusenvis av brutale, uerfarne offiserane» frå delstaten no.

Vitne seier ein mann blei skoten av ein føderal agent i byen, laurdag morgon, melder lokale medium.