Gir 20 millionar kroner til flaumramma Mosambik
0
Noreg bidreg med over 20 millionar kroner til flaumramma Mosambik.
Det skriv Utanriksdepartementet (UD) i ei pressemelding. Sidan før jul har landet søraust i Afrika vore prega av kraftig regn og flaum.
Over 600 000 menneske er ramma av flaumen og FN meiner talet kan auke til éin million dersom situasjonen blir forverra, skriv UD.
