Eide om Nato-sjefen: – Kan vere riktig å ta slike diskusjonar utanfor offentlegheita
0
På spørsmål om Nato-sjef Mark Rutte har vore tydeleg nok overfor Donald Trump etter utsegnene om Grønland, viser utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til at slike samtalar ofte skjer bak lukka dører.
– Heile alliansens formål er å forsvare medlemslandas suverenitet. Men nokre gonger kan det vere riktig å ta slike diskusjonar utanfor offentlegheita, seier Eide.
Rutte har offentleg bekrefta at han har snakka med Trump om situasjonen.
Han har også understreka at Nato-landa saman må ta ansvar for tryggleiken i Arktis.
Rutte har ikkje offentleg kritisert Trumps utspel om Grønland eller gått inn på innhaldet i samtalane.
Trump seier på si side at han tysdag hadde ein «svært god» telefonsamtale med Rutte om Grønland.
