Von der Leyen varslar sanksjonar mot Iran
0
EU-kommisjonen sin leiar Ursula von der Leyen vil foreslå sanksjonar mot Iran etter ein «grufull» auke i tal omkomne, melder AFP.
– Eg fordømmer utvitydig overdriven maktbruk og framleis innskrenking av fridom, seier Von der Leyen, skriv AFP.
Det er uklart kor mange som er drepne i demonstrasjonane i Iran. Regimet hevdar at 2000 personar er drepne, melder Reuters.
Den Oslo-baserte menneskerettsgruppa Iran Human Rights (IHR) sa måndag at minst 648 demonstrantar er drepne av iranske myndigheiter. Direktør Mahmood Amiry-Moghaddam åtvarar om at det reelle talet kan vere mykje høgare.
Den opposisjonelle nyheitsorganisasjonen Iran International seier at minst 12 000 menneske er drepne.
