ru24.pro
World News in Norwegian
Ноябрь
2025

FN: 40 drepne i angrep i viktig by i Kordofan-regionen

0
NRK.no 

Minst 40 menneske er drepne i eit angrep i ein viktig by i Kordofan-regionen i Sudan, melder nyheitsbyrået AFP, som siterer FN-kjelder.

Kordofan er ein strategisk viktig region i den pågåande borgarkrigen i Sudan. Regionen ligg mellom hovudstaden Khartoum og Darfur, og det finst det store oljereservar i området, noko som gjer det økonomisk viktig for begge partane i konflikten.

Den siste veka har det kome meldingar om avrettingar, valdtekter og bortføringar i Al Fashir, hovudstaden i Nord-Darfur, etter at den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF) tok kontroll over byen.

Krigen i Sudan braut ut i april 2023 mellom regjeringshæren og RSF.