Opnar for fiske av kriseramma villaks
0
Søndag opnar årets laksefiske i mange elvar. Men i år blir fisket avgrensa på grunn av krise i bestanden av norsk villaks.
For å avgrense fisket har fleire elvar fått seinare sesongstart, ein mindre kvote per fiskar eller ein mindre totalkvote for heile sesongen.
Vitenskaplig råd for lakseforvaltning peika denne veka på at lakseoppdrett og spreiing av lakselus framleis er dei største truslane mot den atlantiske villaksbestanden i Noreg.