ru24.pro
World News in Norwegian
Март
2025

AFP: Tre journalistar drepne i Sudan

0
NRK.no 

Journalistane var knytte til den statlege TV-kanalen i Sudan, melder nyheitsbyrået.

AFP siterer ei militærkjelde som ikkje er namngjeven. Vedkommande seier det var ein drone frå den paramilitære opprørsstyrken Rapid Support Forces (RSF) som trefte journalistane.

Angrepet skjer berre timar etter at regjeringshæren gjenerobra presidentpalasset i hovudstaden Khartoum.

– Kampen om presidentpalasset er ikkje over, svarar RSF i ei melding på Telegram.

Opprørsstyrken har hatt kontroll over palasset sidan borgarkrigen i Sudan braut ut i april 2023.

Les meir om den siste utviklinga her: