USA har fått engelsk som offisielt språk
0
USA har frå og med i dag engelsk som offisielt språk i landet. Det har president Donald Trump bestemt gjennom ein presidentordre, skriv NTB.
Samstundes opphevar Trump eit tidlegare pålegg til føderale styresmakter og etatar om å gje hjelp til folk på eit språk dei forstår.
Ifylgje offisielle tal frå 2019 er det 68 millionar menneske i USA som snakkar eit anna språk enn engelsk heime.