Rana ung kvinne med pistol i Stavanger
0
Væpna politi søker etter ein gjerningsperson i Stavanger som har rana ei ung kvinne med pistol. Dei søker også med hundepatrulje og drone.
Kvinna skal ha blitt trua med pistolen til å gi frå seg veske og mobiltelefon.
Ho er ikkje fysisk skadd og blir avhøyrt, melder politiet i politiloggen.