Tekniske problem med toginfo over heile landet
Bane Nor har problem med informasjonssystemet og difor valt å skru av fleire informasjonstavler.
I staden kjem informasjonen frå høgtalarar.
– Vi må manuelt informere om endringar i sporbruk. Vi har ein feil i kommunikasjonssystemet som styrer den informasjonen, seier pressevakt i Bane Nor, Harry Korslund.
Feilen gjeld heile landet, men rammar særleg hardt dei travlaste togstasjonane, slik som Oslo S.
Korslund seier systemet kommuniserer med fleire appar, mellom anna Entur, Vy-appen og Google Maps.
Kva tog som kjem på kva spor, blir informert over høgtalaranlegget.
– Lytt nøye til meldingane som kjem over høgtalarane, seier Korslund.
Han seier Bane Nor gjer feilsøkingar, men har ikkje noko utsikt over når feilen blir retta.
Feilen påverkar ikkje sjølve togtrafikken, som går normalt tysdag morgon.