ru24.pro
World News in Norwegian
Февраль
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25
26
27
28

To døydde då bru kollapsa i Sør-Korea

0
NRK.no 

I Sør-Korea mista to personar livet og fem blei skada då ei bru kollapsa under bygging av ein motorveg. Det opplyser styresmaktene, ifølgje Reuters.

Lokale medium har publisert bilete som tilsynelatande viser at ein del av brua kollapsar og sender ei stor støvsky opp i lufta.

Fire av dei skadde er alvorleg skadde, medan den siste personen er lettare skadd. Redningsmannskap driv med søk på staden. Ulukka skjedde dryge åtte mil sør for hovudstaden Seoul.