ru24.pro
World News in Norwegian
Февраль
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
22
23
24
25
26
27
28

SV vil ikkje at Noreg skal kjøpe fregattar frå USA

0
NRK.no 

– Me må ikkje knyta oss endå tettare til USA, militærteknologisk, seier stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa (SV) til NRK torsdag morgon.

Når Noreg no skal kjøpa nye fregattar, meiner ho me ikkje må kjøpa dei frå USA.

Tidlegare har Noreg kjøpt F 35-kampfly frå USA, og det gjer at stormakta har eit teknologisk overtak på Noreg, meiner Fiskaa.

– Og at me ikkje har god nok kontroll på desse systema sjølve.

Hårek Elvenes (H) seier at nettopp desse kampflya har vist seg å vera betre enn ein først trudde. Han peiker òg på at Noreg er ein av dei største eksportørane av forsvarsmateriell til USA.

– Så her er det på mange måtar ein viss gjensidig teknologisk sjølvstende.

Tidlegare denne veka sa Frp-leiar Sylvi Listhaug at Noreg burde vurdera å kjøpa fregatter frå USA.

– Trump er jo glad i ein god deal, og det vil jo definitivt vera det viss Noreg kjøper fregattar, sa Listhaug til DN.