ru24.pro
World News in Norwegian
Февраль
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

E6 vil framleis halde stengt

0
NRK.no 

E6 på austsida av Mjøsa vil framleis vere stengt utover torsdag kveld og i morgon tidleg. Det bekreftar Statens vegvesen til NRK.

Vegen har vore stengt heilt sidan det gjekk eit steinras på laurdag.

Vegvesenet håpa lenge på å kunne opne eit felt i løpet av torsdagen, men seier dei ikkje får det til.

Det kan ta opptil to veker før vegen er heilt open att.

– Kan folk som skal på vinterferie satse på at vegen er open att då?

– Nei, eg kan ikkje spekulere i om vi klarar å få opp vegen til då. Vi jobbar for å få det til, men det har vi dessverre ingen garanti for, seier Cato Løkken i Statens vegvesen til NRK.

Ifølge vegvesenet kan det ta opptil to veker før vegen er heilt opna att.