Steinraset på E6: – Vegen blir ikkje opna onsdag
0
E6 ved Morskogen i Eidsvoll blir ikkje opna på onsdag.
Det er enno rundt 150 kubikk stein som må fjernast frå fjellsida og fraktas bort frå vegen, før han er trygg å køyre att, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.
Måndag blei det sprengt ned fleire blokkar ved rasstaden utanfor E6.
– I tillegg til at det tar tid å ta ned og frakte bort steinmassane, må vi heile tida gjere nye sikkerheitsvurderingar for dei som skal jobbe i området, seier kontrollingeniør Oddvar Pedersen.
Statens vegvesen håpar at det skal vere mogleg å opne E6 med eitt felt i kvar retning i løpet av torsdagen.
Ein må difor rekne med køar når utfarta i samband med vinterferien byrjar.