Mange døde av kolera i Angola
0
Eit utbrot av kolera i Angola har teke livet av minst 108 personar sidan nyttår, ifølge helsestyresmaktene i landet, melder AFP.
Dødstala har stige dei siste dagane.
Dei ramma er mellom to og 100 år gamle, ifølge helsedepartementet.
Kolera gir diare, oppkast og muskelkramper, og kan bli behandla med antibiotika og hydrering, men kan ta liv om ein ikkje får rask behandling.