Trafikkulykka på Nesodden: – Mannen ikkje lenger kritisk skadd
0
Naudetatane rykka måndag kveld ut til Nesodden etter ein frontkollisjon mellom to bilar.
Tre personar var involvert i ulykka, der to blei køyrt til Akershus universitetssjukehus med lettare skader og ein alvorleg skada mann blei floge til Ullevål.
Tilstanden til mannen er ikkje lenger kritisk, seier operasjonsleiar Lisbeth Mjøsund til NRK.
Vegen er opna att.
Det er enno ikkje klart kva som forårsaka ulykka.