ru24.pro
World News in Norwegian
Февраль
2025
1 2 3 4 5 6 7 8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

Ankar dommen frå Gulating lagmannsrett i overgrepssak

0
NRK.no 

Tre av dei fire dømde i det som blir omtala som ein av dei verste overgrepssakene i Noregs historie vil anke dommen.

Ein far, ei mor, ein storebror og ein nabo blei dømde i tingretten for grove seksuelle overgrep, mot tre barn. Fredag kom dommen frå Gulating lagmannsrett. Der blei faren dømt til 20 års fengsel, mora til 17 års fengsel, storebroren til ni års fengsel og nabomannen tolv års fengsel.

Advokatane til naboen og mora seier til NRK at deira klientar vil anke dommen. Advokaten til storebroren opplyser til TV 2 at hans klient også vil anke.

Jon Henrik Høines, advokat for faren, seier til BA at hans klient ikkje har bestemt seg for om han vil anke dommen på 20 år.

Det var TV 2 som først melde om at storebroren vil anke.