Stal bil – krasja og blei frakta til sjukehus
To menn er sende til sjukehus etter dei krasja bilen dei stal utanfor Vennesla kyrkje i Agder.
Det var totalt fire personar involverte i ulukka. Dei to i den andre bilen kom frå ulukka uskadde.
– Politiet reiste mot staden etter dei fekk beskjed om ein stole bil. Då dei fekk observasjon av bilen, så la dei seg etter bilen.
Det seier operasjonsleiar Ronny Aateigen Andersen til NRK.
Han seier politiet ønska å stanse bilen, men at den ikkje ville stanse for dei.
– Etter kort tid så observerte politiet at den bilen hadde vore involvert i ei trafikkulukke.
Dei to som køyrde den stolne bilen blei frakta til sjukehus og skal ikkje vere alvorleg skadde.
– Dei vil bli arresterte og vi vil også sikre blodprøve med tanke på mogleg køyring i påverka tilstand.
Klokka 01.50 melder politiet at mannen som køyrde ikkje hadde gyldig førarkort.