ru24.pro
World News in Norwegian
Февраль
2025
1 2 3 4 5 6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

17-åring tiltalt for drapsforsøk etter knivstikking på vidaregåande skule

0
NRK.no 

Ein 17 år gamal gut er tiltalt for drapsforsøk etter at ein 16 år gammal gut blei knivstukken i halsen på Jessheim vidaregåande skule i fjor haust.

Ifølgje tiltala stakk 17-åringen medeleven to gonger med kniv, det eine trefte 16-åringen i halsen.

Knivstikkinga skjedde på formiddagen 31. oktober i fjor haust.16-åringen blei sendt til sjukehus, men overlevde.

– Han erkjenner ikkje straffskuld, og han vil forklare seg under hovudforhandlinga, seier 17-åringens forsvarar, advokat Runa Elin Kosberg, til Romerikes Blad.