USAs utanriksminister skal ikkje på G20-møte
0
USAs utanriksminister Marco Rubio kjem ikkje til å møte opp på G20-møtet som skal vere i Sør-Afrika i februar. Det melder Reuters.
Møtet er frå 20. til 21. februar i Johannesburg.
På X skriv han at «Sør-Afrika gjer veldig dårlige ting» og skuldar dei for å ha ein «antiamerikansk agenda».
Han meiner at landet har tatt landområde som ikkje er deira.
Tidlegare denne veka trua president Donald Trump med å kutte ut bistanden til landet.