ru24.pro
World News in Norwegian
Февраль
2025
1 2 3 4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

Etablerer selskap for kjernekraft i Dalane

0
NRK.no 

Lund kommune, Dalane Energi og Norsk Kjernekraft går saman om å greie ut moglegheitene for å etablere eit småskala kjernekraftverk i Lund. Selskapet får namnet Dalane Kjernekraft.

Kommunen er no eit steg nærare realisering av energiforma etter å ha inngått avtale med Norsk Kjernekraft i fjor.

Det nye selskapet Dalane Kjernekraft skal gjere fleire undersøkingar og så velje lokasjon som skal konsekvensutgreiast.

Det nye selskapet meiner sjølv dei kan sysselsetje fleire hundre personar. Ein reaktor kan vere i drift rundt midten av 2030-talet.

Norsk Kjernekraft opplyser at dei har vore i dialog med nærare 90 norske kommunar, men at Lund stiller seg langt framme i køen.

Dalane Kjernekraft opplyser at dei vil ha fleire folkemøte. Første blir i mars.