ru24.pro
World News in Norwegian
Февраль
2025
1 2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

Andreplass til Forfang etter kjempehopp

0

Johann André Forfang vart nummer to i stor bakke i Willingen i Tyskland.

Forfang hoppa heile 152 meter i 2. omgang.

Berre Daniel Tschofenig frå Austerrike klarte å slå Forfang, som også låg på 2. plass etter 1. omgang.

Dette var Forfang sin fjerde andreplass på dei fem siste renna i verdscupen.

Ingen nordmann har vunne eit hopprenn i verdscupen for menn sidan 10. mars, då Forfang vann i Holmenkollen. Dette var det 19. rennet sidan den gong.

Kristoffer Sundal og Halvor Egner Granerud vart høvesvis nummer seks og ni i Willingen søndag.